tirsdag 21. september 2021

Nytt semester

 I august starta eit nytt semester. For meg ligger det mykje nytt i dette semesteret.

Eg er uten jobb og studerer foreldreveiledning via www.famlab.no - nettstudie.

Eg synes det er kjempe spennende.

I den anledning har eg tid til å skrive ned dikt eg kjem på i farta.

Her er ett av dei:

Eg ser deg

Hei lille venn

Eg ser deg der du sit

Får du med deg det?

Eg ser du har fokuset ditt på tlf

Mitt fokus er på deg


Korleis skal eg nå inn til deg?

Eg vil prøve å endre MITT fokus

Over til ditt fokus


Eg ser deg

Eg ser du synes denne serien er interessant

Oi, så spennande.

Eg prøver så godt eg kan

Slik at du skal sjå

At eg ser deg!


Ser du det?

Eg prøver så godt eg kan

Lille venn

Som er blitt så stor.

Eg ser deg!


Forfatter: Synnøve Wold-Flokketvedt


Opphavsrett!

tirsdag 24. januar 2017

Mirakelåret 2017 - Måtte det bli det for deg!

Jan Hanvold skriver i rapport nr. 1/2017:

Jeg har døpt 2017 til å være et miraklenes år. Ganske enkelt fordi vi og jeg trenger mange mirakler for at vekkelse skal komme også til vårt kjære Norge. 2017 er et høyprofetisk år, skriver han.

Den muslimske verden kommer til å rystes enda mer. Det blir terror, krig, katastrofer og nød i verden. Som Jesus sier skal dette være tegnet på Hans gjenkomst, men som kristenfolk er vi ikke opptatt av disse negative tegnene.

Vi er opptatt av å se og profetere utifra Guds perspektiv. Et ord jeg fikk for det nye året er Jaremias 4:3 " For så sier Herren til Judas menn og Jerusalem: Bryt dere nytt land og så ikke blant torner."
Torner representerer forbannelse. Derfor bar Jesus tornekronen "forbannelsens krone" for at vi kunne bære herlighetens krone. Dette betyr at vi må inntavår herskeposisjon med Kristus. Når vi sår blant torner vil vi ikke bære god frukt. Vi vil bare høste forbannelse. Derfor må vi hele tiden bryte nytt land. Det betyr at vi kan ikke holde på med ting som ikke bærer frukt i våre liv. For mange betyr dette at vi må fornye våre sinn. Gjøre ting på en annen måte enn vi har gjort før, slik at vi kan nå nye mennesker med evangeliet og høste sjeler for Jesus. Då må vi se hva Gud gjør og vil gjøre. Jes 43:18-19:
Kom ikke i hu de forrige ting, akt ikke på fortiden! Se jeg gjør noe nytt, nå skal det spire fram. Skal dere ikke oppleve det? Ja, jeg vil gjøre vei i ørkenen, strømmer i ødemarken." 

Han skreiv mykje anna også. Men dette traff meg rett i hjerte. Eg er klar Gud, for noko nytt.
Bare bruk meg der du vil!

lørdag 14. januar 2017

Aha - opplevelse

I dag starta heile familien dagen kl. 06:00, på ein søndag. Heilt greit for meg det. Når barna har fått det dei treng av mat og drikke, set eg meg ned å fortsetter å lese i Matteusevangeliet. Eg kjem til matteus 5.33-37 og får ein A-ha opplevelse. Det talte rett til meg. Eg tolka det kanskje på ein anna måte enn tenkt. Men om det kan få meg til å endre eit negativt mønster eg er komen i når eg kommuniserer med barna mine, så er det bra. Vær konsekvent! 
Å seie nei, eller ja. Slutt å seie, "visst du springer ein gong til inne nå, så må du gå på rommet ditt"! Eg gjennomføre det ikkje, så då blir det bare trusler...Ikkje bra! Det fekk eg ein oppvekker på nå, sjølv om det i bibelen står om å sverge. Matt. 5, 33-37:

Ed og ærlighet 
Dere har også hørt det er sagt til forfedrene: ‘ Du skal ikke sverge falskt’ og: ‘ Du skal holde det du har lovet Herren med ed’. 34 Men jeg sier dere: Dere skal ikke sverge i det hele tatt, verken ved himmelen, for den er Guds trone, 35 eller ved jorden, for den er hans fotskammel, eller ved Jerusalem, for det er den store kongens by.36 Sverg heller ikke ved ditt hode, for du kan ikke gjøre et eneste hårstrå hvitt eller svart. 37 La et ja være ja og et nei være nei! Alt som er mer enn det, er av det onde.

fredag 6. januar 2017

Apostlenes gjerninger

Godt nytt år!
Eg har begynt å lese apostlenes gjerninger dette året. Det er jammen meg mykje grusomt som skjer dei siste dagane før Jesus skal komme igjen. Men så er det jo bare til å sjå på nyhetene rundt om i verda. Det er ikkje akkurat flust av solskinns historier. Difor har eg prioritert å sjå mindre på TV og nyheter og skal heller lese meir: Lese i bibelen, Agenda 3-16 og bøker og andre tidsskrift eg får i posten. Kvelden blir mykje kjekkare då. Og ein bonus er samtalane eg og mannen min får med kvarandre. For me veit begge at når eg ser på TV, så oppnås det ikkje kontakt med meg...

torsdag 1. desember 2016

året som har vore

Kjære alle sammen!

Eg har satt på julemusikk og tent lys for å komme i riktig stemning. Ute er det 6 grader og mykje regn. Det kom ei bølga frå bilen når me kjørte til barnehagen i dag, sa Miriam. Men uansett kor mykje det regner så nermer jula seg med stormskritt. Når eg ser tilbake på året som har vore, har det skjedd både små og store ting i familien vår.
I desember i fjor fekk eg og Kjetil bekrefta at me kom til å bli ein til i familien det neste året. Miriam og Kristine trudde ikkje heilt på oss då me fortalte det i februar. Dei vart veldig glad då, og klarte faktisk å holde det hemmelig i 2 veker. Då fekk dei fortelje det til vennene sine. Forventa termin dato vart satt til 30. august.

Kjetil:
Er fortsatt stolt bonde og har vore opptatt med lamming, slått, kalving, foring, melking, inseminering, ein vær som skal få seg ein runde og fleire med sauene og kontorarbeid med søknader m.m. Eg blir stading imponert over alt han må kunne for å drive garden vår. Eg synes han gjere ein strålande jobb. I vinter gjorde han også ferdig fleire rom i kjellaren. Så nå har begge dei store jentene fått soverom der, i tillegg til ei bod og ein garderobe med plass til regnkler og dressar til alle.

Synnøve:
Har vore i litt redusert jobb gjennom året, då det vart litt sjukemeldingar grunna bihulebetennelse store deler av graviditeten. Me har planlagt godt, så eg fekk sommarferie og permisjon rett etterpå. Elise vart født 30. august kl.18:24. Ho var 3590 g og 49 cm, heilt perfekt! Eg trives veldig godt i mors permisjon. Nå er me velsigna me ei tilfreds og fornøyd jente til, som utvikler seg som ho skal.

Miriam
Miriam lærte seg å gå på ski i januar, og synes det er kjempe kjekt. Ho kosa seg i februar når me feira mamma sin 60 års dag ( og min 31 års dag) på Vrådal hotell saman med mine to søsken og deira familiar. Då fekk ho virkelig øvd seg på å gå fiskebein opp ein lang bakke. 7. mars i år vart miriam feira med barneselskap som seg hør og bør når ein vart 4 år.
Ho har god hugs denne jenta her. Sist søndag gjekk me forbi skakkesenteret då ho utbrøyt: « Mamma, her stod du å såg på meg å ropa Hurra, ikkje sant?» Då refererte ho til 17.mai, då eg for fyrste gong stod på sidelinja å såg på 17. mai-toget. Ellers er ho er trivelige og sosial jente, som aller helst vil ha ei av venninene sine med seg heim frå bhg kvar dag. Dei er ein fin gjeng, 4 åringane i Rygg barnehage. Ho har også fått 4 års bok i kyrkja og har vore med på 3 samlinger for 4 åringer i vekene etterpå. 4 desember er ho spesielt invitert til familie gudsteneste der ho skal få diplom for frammøte på samlingane. Etter gudstenesta skal det vera kyrkjekaffi, med pølse i brød til barna og juleverkstad på bedehuset.

Kristine
Vart 7 år 25. juni og fekk seg høg seng og skrivebord til bursdagen sin. I haust starta ho på Turn Dans- koreografi som måtte lærast før det store juleshowet 27. november. Ho og dei andre jentene på dans gjorde ein flott innsats med 3 dansar dei viste fram til alle frammøtte. Det var over 500 personar som såg på. Så eg var temmelig stolt over ho då altså. Ho går også på Pre-Soul Children kor, og skal vera med å synge solo på julekonserten 13. desember. Ho gler seg og er veldig spent på det. Ellers så går hu nå i 2B på Enge skule og trives veldig bra der. Er stort sett ein reser på leksene, i alle fall så lenge motivasjonen er til stede.

Elise
I går vart ho 3 mnd. Ho søker mykje kontakt, smiler, babler og er tilfreds. Miriam er den som får ho til å le J 13. november hadde me barnedåp for Elise og Miriam fekk sin 4 års bok i kyrkja. Ein flotte dag som me fekk feira med heile storfamilien på Grønstad. Veldig kjektJ
Det er altså tre sosiale jenter me har fått oss. Mor og far i huset kan skrive under på at her bor det til tider slitne og lykkelige foreldre, men alltid lykkelige barn.

Bilde av julekrybben vår som går under navnet Betlehem. Bildet er tatt før Miriam kom med dyrene sine som også måtte få bu i stallen.


Jesaja 9,6:
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder.

Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.

tirsdag 11. oktober 2016

Takk for den dagen!

Det har skjedd store ting i familien Wold-Flokketvedt siden sist eg skreiv på bloggen. Me har fått eit flott nytt familiemedlem som heiter Elise. No er ho blitt 6 veker gamal. Ho er ei fornøyd jente som søker kontakt og smiler godt når Mammaen ser på ho og smiler, og til andre som er så heldig å få holde ho. Ho er velsigna med to storesøstre som veldig gjerne vil holde og bære på ho. Ein liten lyd i frå vogga, så er eldstesøstera der med ein gong:-)

I dag vil eg dele ein fin song eg høyrte på i bilen på vei heim frå levering i barnehagen:

Kjære Gud, jeg har så lyst å si deg
at jeg er glad for alt som jeg har fått.
For jeg vet at mange barn i verden
ikke får ha det trygt og godt.

ref.
Takk for den dagen som jeg har fått
Takk for alt godt, både stort og smått
Takk for de gode venner
Takk for all kjærlighet
Takk for at jeg kan spise meg mett
Takk for en seng når jeg er trett
Takk for at sola skinner
og litt for at det regner og.

Det er ikke like lett å huske
og takke Gud for alt som livet gir
Lær oss Gud å være mer takknemlig
For livet selv er gaven din.

Sangen er hentet frå: Tusen tanker ved Bjarte Leithaug

fredag 19. august 2016

1. dag i permisjon, uten ungar

I går hadde eg min første dag i permisjon, uten jentene heima. Tidlig opp for å få eldstejenta med på Maxi taxien.
Yngstemann var i barnehagen og eldstejenta begynte i 2. klasse. Ho var veldig spent.
Eg fekk inntrykk av at ho hadde hatt det bra, når eg spurte hu korleis ho hadde hatt det, og ho svara med ett ord: GØY og eit stort smil. Det varma mamma hjerta:-)

Eg fekk gått meg ein liten tur, som eg brukte 45 min på. Etter fleire mnd utan særlig fysisk aktivitet var det godt å bevega seg i ulendt terreng igjen. Eg merka det på kvelden då, at eg hadde vore i meir bevegelse enn på ei stund. Men då kunne eg faktisk setje meg med beina høgt å slappe av, for mannen kom inn akkurat når eg trengte hjelp med legging av eldstejenta.

Etter at eg hadde gått tur, kjørte eg til Ølen for å handle, og der møtte eg SOLA. Det var eit vakkert skue. Eg tok meg ein tur innom jobben for å hente slippersane mine, og prate med dei vaksne i pausen.

Vel heime med begge jentene laga eg pastasalat til oss og gutta som forhausta. Ettermiddagen gjekk med til å ordne vogna klar til babyen, sitte litt i sola, og vera med minstejenta. Eldstejenta blei med i traktoren.

Ein lang og gode dag.